Klosterkyrkja skal opp!
Heilage Kong Olav og Elias Tisjbeten Klosteret, har no fått byggeløyve av Fjord Kommune til å setje opp Kyrkja i lafta tømmer, på Klosteret sin eigedom i Fjørå, Valldal.
Dispensasjonen frå Kommunen til å plassere Kyrkja på Klostertomta på Syltefjellet, vart trekt tilbake av Fylket pga klage frå Naturvernforbundet, κommunen gav ny dispensasjon til å sette opp Kyrkja på garden til Klosteret i Fjørå, 1,3 km aust for Klostertomta.
Det ferdige handlafta tømmeret, som er ei gåve til Klosteret frå Familien Popescu-Chirila i Romania, har lege på lager i Stordal i eitt år, og må settest opp så snart som mogleg då det er fare for at treet kan vri seg og skape vanskar når det skal setjast saman.
Kyrkja skal viast til Heilage Kong Olav, som har sterk tilknyting til Valldal m.a. gjennom historia skildra i Snorre, og vil bli ein rikdom både for lokalområda og nasjonalt, og ikkje minst viktig for 1000-års feiringa i 2029.
Heilage Kong Olav Kyrkja vil bli en nasjonalskatt som alle kan kome til, og Nonnene tek imot alle besøkande med stor gjestfridom.
Oppdatering om framdrifta vil leggast ut på Klosteret si nettside:
www.saintolav-monastery.com