Bamsesjukehuset Ålesund🐻🤎
Har du eit barn som er redd for sjukehus og helsepersonell? Då er dette rette plassen for å komme, heilt ufarlig for å "reparere" den sjuke bamsen sin. Her får ein ta røntgen, bandasjere og sy hol i favorittbamsen som har skada seg ❤️
24.mai har vi planlagt ein heil dag med aktivitetar for barnehagebarn og barn som skal komme innom bamsesjukehuset. Vi har eit stort ønske om at flest mogleg barn og vaksne skal få komme innom oss i løpet av denne dagen. Det er kun inviterte barnehagar som kan komme på dagtid, men nytt for året er at absolutt alle er hjertelig velkomne mellom klokka 15:00-18:00!
For å få laga til slik vi ønsker har vi derfor behov for midler til utstyr/rekvisita og andre artige ting vi planlegg til barna. Det krev mykje tid og planlegging for å få gjennomført ein slik dag, så difor håper vi at den som har moglegheit og lyst, kan gi oss nokre kroner i spleis for barna, lokalmiljøet og førebyggjande sjukehusarbeid.
Bamsesjukehuset har vore organisert i fleire år, men grunnen til at vi i år ønsker meir sponsorar er fordi vi ønsker å nå ut til fleire! Det har aldri vore like stor pågang eller ønske om å delta på Bamsesjukehuset som no. Vi har med andre ord svært god erfaring med tidlegare arrangement under Bamsesjukehuset! Vi gler oss mykje til 24.mai alle saman!
Bamsesjukehuset er organisert av frivillige som jobbar på Ålesund sjukehus og Giske Ambulanse. Alle vi som deltek i organisering og planlegging har eit brennande hjerte for barn og bamser 🐻❤️ alle midler vi får inn vil utelukkande gå til organisasjonen Bamsesjukehuset.
Følg oss gjerne på Instagram @bamsesykehuset_aalesund for å sjå meir av det vi driv med.
Bilete frå fjorårets bamsesjukehus🐻👩🏼⚕️🧑🏼⚕️🏩🤡

