Restbetaling - Innsamling til Indonesia
Denne innsamlingen kan brukes av de som ikke har betalt inn for Aksjonsdagen 2023.
Vestborg vgs har i samarbeid med russen sin eigen ”operasjon dagsverk”. Elevane arbeider ein dag for å samle inn pengar til russeprosjektet, som i år går til arbeidet i Indonesia.

Styrke og motivere
Misjonssambandet har hatt utsendingar i Indonesia sidan 1975. Fokuset har vore å styrke dei kristne og motivere til misjon. Misjonssambandet har arbeidd innanfor lokale kyrkjesamfunn og høgskular.
Evangelisering, samfunnsutvikling og helse
Pengane som blir samla inn av Vestborgrussen, går til evangelisering, samfunnsutvikling og helse. Det gjer at fleire får høyre om Jesus, skulane får fleire ressursar og ein får meir kunnskap om helse generelt og psykisk helse spesielt.
Russen har dette året forplikta seg på å samle inn pengar til prosjekta i Indonesia og gjennom aksjonsdagen får alle elevane hjelpe til.
Kvar elev vil samle inn minimum 500,- kroner denne dagen, men kan gjerne gje meir om dei ønsker det. Vi vil på vegne av Misjonssambandet og mottakarane i Indonesia takke for di støtte til dette arbeidet.