Vidsyn Musikkfestival
Ein kamerat av meg starta med å planlegga sin eigen 40-årsdag under korona-perioden. Dette "badla på seg", og enden på visa var at 40-årsdagen vart til ein festival som heile regionen kunne få gleda av i juni 2023.
På Vidsyn gard i Rosendal vart det rigga til festival 9.-10. juni. Vidsyn Musikkfestival vart ein fantastisk festival for oss som var der, både for artistane og for publikum. Artistane som var booka inn var i stor grad artistar i etableringsfasen, i tillegg til nokre som har vore i bransjen nokre år. Så dette var på ingen måte ein festival som booka dyre og veletablerte artistar.
Diverre vart det for lite publikum til at dette bra økonomisk.
Men når Ingve m. familie opna hus og heim for at heile bygda med fleire skulle få ta del i 40-årsdagen, er det berre rett og rimeleg at vi prøver å hjelpa der vi kan. På den måten kan dei kanskje kome nokolunde i mål til slutt.
Kvar einaste krona vil hjelpa, så hiv deg rundt og ver med å spleis :) Så kan det jo henda vi er så heldige at vi får oppleva musikkfestival på Vidsyn ved seinare høve også.
som 40-åringen sjølv sa etter festivalen:
"Me kan vel konkludera med at denne opplevinga, denne reisa, denne festivalen - Vidsyn Musikkfestival- kosta meir enn den smakte. Men alle som fekk oppleva den er einige om at den smakte utruleg godt."