Heia Ingebjørg!
Til Ingebjørg Sporstøl, superdame, superlærer i Ålesund og sommerpotet på Hellesylt. Stiller opp for nær og fjern, hjelper han "far på spar", store og små i bygd og by. Du har stilt opp masse for andre, no ynskjer vi å stille opp for deg.
Ingebjørg deler alltid smil og glede med sitt blide åsyn der ho ferdast, og opp gjennom tidene har ho gitt masse av seg sjølv til omgjevnadane rundt seg. Diverre har ikkje karma fått dette med seg og gitt ho ein type kreft som er av en dum type som formerer seg fort og teit.
Vi er mange som skulle ønske vi kunne gjort noko, so eg har dermed oppretta denne spleisen der dei som ynskjer kan gi eit bidrag til å til å støtte Ingebjørg på ferda framover.
Pengane går rett til Ingebjørg, og ho kan bruke dei til det ho skulle ønske, som eventuelt kan gjere den neste tida meir overkomeleg - vere seg vaskehjelp, foodora, ublå parykkar, butler eller privatkonsert med Sondre Justad.
Vi heiar på deg!