Saman for tilgjengelegheit: Støtt vårt prosjekt til nytt handikaptoalett ved Strandatun
"Støtt Kysnesstrand Ungdomshus: Bygg for Fellesskapet!"
I vårt nærområde ligg hjarta av samhald og aktivitet - Kysnesstrand Ungdomshus. Dette er ein stad der unge og engasjerte menneske kjem saman for å skapa minner. Akkurat no står ungdomshuset ovanfor ei utfordring som me alle kan vera med på å løysa. I oktober 2021 oppdaga me ein betydeleg vannlekkasje i taket over toalettbygget på Strandatun. Skaden blei rapportert til Gjensidige, men me fekk avslag med begrunning om at de ikkje dekket vann inntrenging gjennom yttertaket. Me klaga på vedtaket, men fekk avslag igjen. Som en følge av dette har me forsøkt å skaffa midlar for å bytta tak på toalettbygget. Ettersom me no må gjennomføra omfattande reparasjonar, ynskjer me å oppgradera heile toalettanlegget. Vårt mål er å drive eit inkluderande forsamlingshus der alle er hjarteleg velkomne. Derfor har det lenge vært vårt ynskje å etablere et handikaptoalett som også har plass til stell av barn – noko me ikkje har per i dag. For å realisere dette behøver Strandatun eit påbygg.
Ungdomshuset har alltid vore eit samlingspunkt for lokalsamfunnet, ein stad der venskap blir knytte og idear spirar. For å kunne fortsette denne arva, treng me di støtte til å skapa eit inkluderande miljø. Oppussing av toaletta er ei naudsynt investering for å gjera Kysnesstrand Ungdomshus tilgjengeleg for alle, uavhengig av fysiske utfordringar.
Med di hjelp kan me realisera draumen om eit handikaptoalett som gir like moglegheiter for alle besøkande. Eit tilgjengeleg toalett vil ikkje berre vera til fordel for personar med nedsatt funksjonsevne, men det vil òg skapa eit meir inkluderande miljø for alle.
Saman kan me skapa eit Ungdomshus som ikkje berre oppfyller dagens behov, men som også legg grunnlaget for ei berekraftig framtid. Lat oss gå saman mot målet om å skapa eit inkluderande og tilgjengeleg ungdomshus som vil vera ein stad for samhald, læring og glede i mange år framover. Støtt opp om prosjektet i dag, og ver ein del av historia som formar Kysnesstrand Ungdomshus for framtida!