Nærmiljøanlegg ved Vikedal Skule
- FAU ved Vikedal Skule og Vikedal Ungdomslag har engasjert seg i prosjektet «Med hjarte på rette staden» som har til formål å etablera eit nærmiljøanlegg ved Vikedal Skule. Sidan prosjektet starta i 2015 har me fått fleire støttespelar med oss i prosjektgruppa.
- Me ynskjer å gjera skulen sitt uteområde til ein samlingsplass for born og unge i bygda, då skulen ligg plassert midt i hjartet av Vikedal. Ved å etablera eit nærmiljøanlegg her, får ein samstundes heva standarden på uteområdet ved skulen, som sårt treng ei oppgradering.

Prosjekt status
- Vikedal ungdomslag og FAU ved Vikedal skule har jobba med prosjektet og finansieringsplan sidan 2015.
- I 2017 klarte me å realisera delprosjekt 1!:thumbsup:

- I 2018 står delprosjekt 2 - balansepark ved nærmiljøanlegget - på kommunen si prioriterte liste for tildeling av tippemidlar. Prosjektgruppa har på plass eigenandelen til delprosjekt 2.:thumbsup:

- I tillegg har prosjektgruppa på plass full finansiering av delprosjekt 3.:thumbsup:

- Finansiering som manglar per dato er til delprosjekt 4 og delprosjekt 5.


Prosjektets mål er å fremja aktivitet, auka trivsel og bidra til eit enda meir inkluderande samfunn i Vikedal! Me er på god veg til å lukkast med gode rammer for dette arbeidet og vil benytte anledninga til å takke våre støttespelarar så langt i prosjektet!
Nå håpar me at også DU vil bli ein av utviklingsprosjektet sine støttespelarar og bidra til å få delprosjekt 4 og 5 på plass! :heart_eyes: