Innsamlingsaksjon til utsmykninga i Dombås Kyrkje.
Arbeidet med å restaurere Dombås Kyrkje etter brannen nærmar seg slutten. Alt tyder på at opninga blir før påske 2024. Det som står att er mellom anna utsmykkninga av altertavle, prekestol, korvegg, kvelv og ny ljostenningstad. Ut frå budsjett for utsmykkningsprosessen er det ein differanse på omlag 700 000,- mellom det som er ynskja utsmykkning og forsikringsoppgjeret. Dette må dekkast ved legatmidler, gåver, offer og innsamlingsaksjon. Næringslivet og privatpersonar i Dovre blir difor utfordra til å gje bidrag til siste innspurten.
Hjelp oss til å kome i mål !!
Bidraget kan gis via Spleisen her, VIPPS 810676 eller direkte til kontonr
2085 27 41180
På førehand takk.
Mvh Dovre kyrkjelige fellesråd v/innsamlingskomiteen