Støtt FAU ved Brattvåg Barneskule til å bygge ny gapahuk!
Brattvåg barneskule har hatt ein gapahuk i tilknytning til parken som borna har hatt stor glede av i mange år. Her grilla ein pølser, kunne søkje ly når veret ikkje spelte på lag og her kunne ein ha uteskule. Dessverre så måtte vi rive den i fjor på grunn av at den ikkje lenger var trygg for borna å bruke. Det har vore eit sterkt ønskje frå borna å få ein ny gapahuk og gjerne ein der det er plass til ei heil klasse på ein gong. Brattvåg barneskule har eit fokus på at elevane også lære ute av klasserommet.
Gapahuken kan og fritt brukast av andre utanom skuletid og vil ligge fint plassert mellom skulen og parken med utsyn mot vegen. Den vil derfor vere eit flott tilskot til området.
Vi har mange dyktige foreldre som stiller opp på dugnad for å bygge gapahuken, men vi trenger hjelp til å dekke materiale og anna utstyr som skal til for å bygge gapahuken. Vi håper derfor at du kunne tenkt deg å støtte oss i dette ved å gi eit bidrag!

