Donasjon til Ull og Omtanke til minne om Elin Karin Enes
Ull og Omtanke er ein organisasjon som går rundt på grunn av frivillighet. Frivillige syr saman ullpledd, som består av strikkelappar andre frivillige gir inn. Dei ferdige ullpledda gir organisasjonen videre til mennesker med kreft for å vise nettopp omtanke i den tøffe situasjonen dei står i.
For 8 år siden fikk mamma kreftdiagnosen. Ikkje kort tid etter fekk Ull og Omtanke vite dette, og stilte på døra med eit pledd til ho. Det var eit ullpledd med spenstige fargar som mamma den gang sa. Det blei så godt brukt at ho måtte lappe det saman ein gong eller ti. Etterkvart blei ho sjølv med på å sy pledd til andre i same situasjon. Dette er ein organisasjon som har hatt mykje å sei for ho dei siste åra ho levde. Både som mottakar og frivillig.
I samtalen om når ho skulle bli gravlagt sa ho at ho ikkje ønska blomar, men heller donasjonar til Ull og Omtanke.