Sykkeltaxi x 2 til Hareid Sjukeheim
Ver med på å gi bebuarane på Hareid Sjukeheim frisk luft og vind i håret!!! Vi samlar inn pengar til to sykkeltaxi frå Boxbike. Eine er allereie i boks - no treng vi berre siste kronene så vi får satt igong bestillinga - SPLEIS IVEI :heart:
På Hareid Sjukeheim bur rundt 50 eldre og pleietrengande menneske. 50 unike personar som har levd eit langt og innhaldsrikt liv på godt og vondt. Vi unner dei ein god alderdom med mykje omsorg og gode opplevingar!
Du har no moglegheita til å gi dei ei flott oppleving i kvardagen. Hareid Sjukeheim har ytra eit ynskje om å få moglegheit til å kjøpe inn ein eller fleire el-syklar av typen «rickshaw» som kan transportere bebuarar på Hareid Sjukeheim på turar rundt i nærområdet. Der fins fleire typar, men ein har sett seg ut ein frå www.boxbike.no som innfrir dei fleste krav til ein sykkel som skal brukast til å transportere eldre personar. Det er plass til to personar framme i sittevogna. Det er kalesje på sittevogna.
Meir informasjon om eit internasjonalt prosjekt om å få eldre ut i kvardagen får de her; http://syklingutenalder.com/
Vi håpar verkeleg at bedrifter og personar ser verdien av at bebuarane på Hareid Sjukeheim kjem seg ut i frisk luft og får inspirasjon og glede i kvardagen!
Vi blir glade for alle bidrag, små og store. Andre bidragsmåtar:
Kontonummer: 3910 61 24055
Vipps: 516021 «Velferd Hareid Sjukeheim»
