Raftevold & Berg's debut album!

Sidan 2023 har Raftevold & Berg spelt fleire visekonsertar rundt om i Noreg. Konseptet har vore enkelt, og tydelig. Gode, gamle viser, og historiene som høyrer til. Vi har funne viser som nesten har gått i gløymeboka. Verken riksarkiv eller visearkiv har kunne hosta opp tekstane, og alt vi har hatt til hjelp er gamle gramofon innspelingar og bruddstykker av gamle tekstar skrive for hand. Difor er vi gla for at vi no har moglegheiten til å forevige desse visene, som nesten har gått tapt. Vi har også framført meir kjende viser, men der publikum har fått ein heilt ny oppleving av visa, fordi dei ikkje kjende historia bak. Visste du at visa "Det Har Vi" av Otto Nielsen er rekna som ein av tre musikalske nasjonalskattar etter krigen? Og at han skreiv den mens han var fange på Grini? At Jakob Sande sitt vakre dikt "Du Er Min Los" kom av eit tapt frieri?
Desse visene vil vi no spele inn, og alle historiene vil vi samle i ei bok. 3. desember reiser vi til ein liten gård i Sverige kor vi skal spele inn vårt første album. Heile jobben gjer vi sjølve, og vi har hverken et plateselskap eller andre som gjer jobben for oss. Og det er ikkje gratis. Men vi tykkjer det er utruleg givande å kunne vidareføre desse gamle visene. Vi har spelt konsertar der eldre i publikum kjem opp til oss med tårer i augene fordi dei har gjenopplevd heile ungdomstida gjennom desse visene til Prøysen, Sande, Book-Jensen og meir. Vi har møtt barnebarn som minnest ein bestefar som song desse visene til dei når dei var små. Også er det desse morosame anekdotene og rørande historiene som er med på å gi visene liv, dei fortener også å bli fortalt.
Vi håper difor du vil støtte oss i arbeidet med dette albumet, og denne boka, slik at vi kan bevare og forevige ein del av den norske visehistoria.
Alle som støtter oss vil få ei lita dagbok med bilete og fortelling av våre dagar på Trankiltorpet i Sverige, der vi skal spele inn albumet og skrive boka.
Du vil også få moglegheita til å høyre albumet FØR alle andre!
Alle som støttar spleisen har også sjansen til å få ein gratis konsert heime i si eiga stove!