Elevane våre treng båt
På Våge skule er vi nokre elevar som skal ha faget "arbeidslivsfag" dei neste åra. Vi har valt ulike fokusområde innan faget, vi har både sjø, motor og trearbeid som vårt fokusområde.
Oppstarten av faget har no vert for enkelte av oss å ta båtførerprøven, men med praktisk trening i både føring av båt, navigasjon, fisking og generell sjømannskap. Nokre har hatt sin oppstart med å lære seg motorar og korleis ein fiksar ulike motorar.
I forbindelse med dette faget har vi prøvd å få tak i ein båt av ein litt større og tyngre type enn dei klassiske påhengsbåtane vi er vande til (med ein båt dekkar vi alle fokusområda, både maritimt, mekanisk og trearbeid). Vi har prøvd å få tak i ein båt, utan å lykkas. Vi søker derfor etter midlar i lokalsamfunnet.
Vi har fått nokre fantastiske donasjonar av lokalt næringsliv, men for å nå heilt i mål treng vi litt meir midlar.
Pengane går til innkjøp av båt, og naudsynt utstyr for å bruke båten.
Håpar flest mogleg, både nære og fjerne ønsker, og ser nytten, av tiltaket vi er igang med.