TURVEG SKOGEVATNET
Gursken idrettslag har søkt om tippemidlar til prosjektet turveg frå busslomma ved Skogevatnet, langsetter fylkesvegen, og knyte den saman med gamlevegen som går gjennom skogen til Almestad. Gamlevegen skal også opprustast som ein del av prosjektet. Då vil ein kunne gå rundt Halsane og unngå særs trafikkert veg. Dette då det er gangveg frå Almestad til Sætre. På vegen frå Sætre til Skogevatnet vil ein måtte gå langs trafikkert veg, men det meste av denne vegen har 40 km fartsgrense.
Med dette tiltaket håper vi å fremme folkehelsa endå meir, og trur at sikker veg gir fleire brukarar i nærområdet. Det vil gjere det enklare å kome seg på tur.
Planen er å starte prosjektet i år 2024 eller 2025, men før vi kan sette i gong må vi ha sikra finansiering. Vi vil vere svært takksame for dykkar ev. bidrag.