Innspurt!
Takk for all støtte og hjelp frå private, næringsliv og organisasjonsliv for at Stiftinga Kulturhuset Heimen kunne realisere kjøp av Heimen, starte på oppgradering og kan legge til rette for alle som held hus i bygget. Spleisen som er oppretta ved oppstart av Stiftinga Kulturhuset Heimen blir avslutta klokka 23.59 måndag 3. juni. Om du hadde tenkt på å bidra i denne «spleisen», så har du framleis anledning innan den tid. Stiftinga har fått tilbakemelding om at fleire ikkje kjenner til Spleis eller har Vipps men likevel ynskjer å bidra, då kan ein nytte Stiftinga sitt kontonummer 3705 58 00376 akkurat når det måtte passe. Gjerne lik og del i innspurten av spleisen!