Hjelp MasterMinds fra Tennfjord til verdsfinalen Open European Championship i Bodø 13. – 16. mai -24
7. klasse ved Tennfjord skule deltok i haust i FIRST LEGO League.
FIRST LEGO League er eit unikt prosjekt som sidan år 2000 har gitt over 200.000 barn i Skandinavia eit innblikk i realfaga si verd. Kunnskaps- og teknologikonkurransen finn stad rundt om i heile Noreg kvar haust, og den går ut på at barn skal forske på ei problemstilling og programmere ein robot. Barna skal deretter presentere løysinga si for ein jury og gjennomføre robotkonkurransar mot andre i regionen. Dei beste problemløysarane og lagspelarane går videre til skandinavisk finale, før det heile endar i ein verdsfinale. Hensikten med arrangementet er å auke unge menneske si interesse for teknologi og vitskap, og stimulere dagens ungdom til å bli morgondagens ingeniørar og forskarar.
I ein større samanheng er det dessutan heilt avgjerande å lære barn om realfag og problemløysing. Det er nødvendig for å kunne forstå, handtere og løyse dei viktige utfordringane som pregar vår tid. Sjølv om ikkje alle ideane dei unge kjem frem til under FLL har svara vi treng, skaper det ein arena der det er lov til å utforske. Ein arena der ein ser verdien av å prøve noko nytt og gå nye vegar for å finne betre svar enn vi allereie har. For vi er nøydt til å leite etter betre løysingar for å takle problem som allereie påverkar samfunnet vårt. Det krev kompetente og kunnskapsrike folk med ei solid forståing for realfag generelt og teknologi spesielt. Det har vi ikkje nok av i Noreg i dag. Derfor er det viktig å skape ein gnist for realfag og teknologi hos dei yngste, i håp om at dei vil jobbe med og utforske alt frå havvind til betre batteriløysingar i framtida.
Årets tema i FIRST LEGO League er «Masterpiece», og handlar om korleis ein ved hjelp av teknologi kan forbetre formidlinga av kunst og kultur, slik at fleire blir engasjert og interessert. Elevane ved Tennfjord skule har forska på korleis ein kan få fleire interessert i å gå på kunstgalleri ved hjelp av VR-teknologi. Dei har komme fram til ei løysing dei har kalla «Walk-in Art», der publikum kan gå inn i ulike kunstverk ved å ta på seg VR-briller. Slik kan dei oppleve bilda frå «innsida» gjennom realistiske 3D-animasjonar.
MasterMinds frå Tennfjord skule gjorde det svært godt i Ålesund, og blei eitt av to lag som gjekk vidare til den skandinaviske finalen i Mo i Rana 2. desember 2023. Elevane gjorde det også svært godt under den skandinaviske finalen, og vann 1. plass i Prosjektprisen, den tyngst vekta prisen i konkurransen, og kvalifiserte seg dermed til verdsfinalen Open European Championship i Bodø 13. – 16. mai 2024.
Det blir arrangert 5 ulike verdsfinalar, ein i kvar verdsdel. Til Open European Championship i Bodø er det 50 lag frå heile verda som er invitert. Berre 7 lag frå Skandinavia fekk i 2023 moglegheita å delta i internasjonale finalar, så her er elevane ved Tennfjord skule i eit eksklusivt selskap.
For elevane ved Tennfjord skule vil dette vere ei spennande utfordring. Heile arrangementet vil gå føre seg på engelsk, og elevane må halde alle presentasjonar på engelsk, noko som gir ein ny dimensjon til konkurransen. Elevane har som mål å forbetre prestasjonane sine frå den skandinaviske finalen.
Vi er heilt avhengige av økonomisk støtte for å kunne klare å komme oss til verdsfinalen i Bodø, og håper at mange ser nytten av kunnskapen elevane får gjennom dette prosjektet, og ønsker å gi eit bidrag slik at vi kan reise til Bodø i mai!
