Hopp til hovedinnhold

" i denne mi høgaste spelemannstund, med røter festa i spelmannsgrund"

Det kjem ut bok om spelemannen og slåttekomponisten Arne Johan Olsen frå Flesberg i Numedal, og i den samanhang går vi ut til folkemusikk-Noreg og andre interesserte med spurnad om nettop DU vil støtta bokutgjevinga økonomisk. Redktør er Jan H. Lislien

Numedal spel- og dansarlag ønskjer å reise eit varig minnesmerkje over den viktigaste tradisjonsbæraren og komponisten i nyare tid i folkemusikkmiljøet i Numedal. Ein glitrande spelemann og ein stor kunstnar på sitt felt. Arne Johan Olsen (1940-2014).

«Arne Olsens bågåfrasering gir numedalsspringaren friskt driv» kommenterte Sven Nyhus då NRK var på vitjing i Veggli i 1979 og gjorde opptak til Folkemusikkhalv-timen med spelemenn i dalen. 

Felespelet til Arne osar av overskot og spelglede. Med måten han spela på sådde han eit nytt frø i numedalsmusikken. Det galdt fyrst og fremst spelet i heimetraktene Flesberg, men han prega likevel dei fleste som var aktive spelemenn i dalen gjennom fleire tiår. Han planta eit frø som ein i genereasjonar framover vil kunne hausta av. Det er så med godt spelhandverk at ein alltid finn nye oppdagingar i musikken.

Arne var sentral i Numedal spelemannslag og vart eit førebilete for mange. Samarbeidet mellom Arne og Sigurd Frogner (1940-2018), som var musikalsk leiar i laget, bar frukter. Det var ei blømingstid for folkemusikken i Numedal og Arne var ein særs viktig bidragsytar.

Går ein nærare inn i musikken til Arne så sit ein igjen med inntrykket av at han har ein presisjon i spelet sitt som avspeglar ei grundig og djup forståing for felemusikken sine finessar. Eit personleg uttrykk ein seint gløymer. Det er sterke kjensler som kjem fram, noko som gjer at at den som lyttar kan kjenna att den rike kulturelle arven og historiane som er innvevde i kvar tone og slått. Dette kjem også til uttrykk i kompisisjonane til Arne.

Arne representerte dansemusikaren; noko som ikkje alltid har vore verdsett like mykje. Arne stilte både spørsmål og gav svar når han spela. Han seier det sjølv at han ikkje var lyrikaren, men dansarar, publikum og spelemann kom på god talefot med Arne og treivst der.

«Somme gonger lyder det som om du prøver å lokke fram fuglar når du spelar, andre gonger er det som om du spelar fossestryk og kveldsvind, regnbyger og månskin!»  
Slik opplever Lars Olsen Hoem det når Guri Gabrielsdatter, kalla Kvakksalvar-Guri, spelar på fela si, skildra i romanen Felemakaren av Edvard Hoem frå 2020. Ein opplevde på mange måtar det same når Arne var i sin brage. Det var solstråler, nedbør, uværsaktige skyer, pågangsmot, venleik og stundom kvast. Det var ikkje store fakter når Arne spela, men det blei virituost med kraft og eleganse likevel. Må ein vera lyrisk for å kalla fram slike kjensler…? Ein kan vel skapa seg slike bilete når suget og appellen i slåtten tek tak og fører ein ut på uante vegar.

Arne hadde replikk i slåtten, som spelemannen Torleiv Bolstad (1915-1979) kalla det. Han var tradisjonstru samstundes som han var fri i framføring og form. Eit unikum i numedalsmusikken og hardingfeletradisjonen generelt.

Med denne boka vil du som lesar få eit djupdykk inn i livet til Arne Johan Olsen. Han vaks opp i ei tid der ikkje alt vart servert på eit sylvfat. Det var strev og slit og dette får vi servert i ord frå Arne si eiga hand. Han hadde ikkje berre evner i musikken, som skribent vil han nok også overraska deg som lesar. Oppi alt dette slitet og strevet for føda fann han likevel tid og inspirasjon til å dyrka musikken. Med Arne sine eigne ord så vert boka også til musikk og ettertanke.  

" i denne mi høgaste spelemannstund, med røter festa i spelmannsgrund"

12 200 kroner innsamlet

27 givere
Avsluttet 08.07.2024
40% av 30 000 kr
Verifisert
Bjørn Laupsa-Borge
står bak dugnaden
Avsluttet

Siste aktivitet

  1. 2 ga anonymt
  2. Mona og Narve
    Gledar oss til at boka kjem ut!
  3. Kenneth de Gala
    Gleder meg til å lese! Lykke til med prosjektet!

Hjelp Bjørn Laupsa-Borge å nå frem til flere!

Deler du spleisen med nettverket ditt bidrar du i snitt med 1 000 kr ekstra til spleisen 💰
Facebook
Kopiér lenke
Flere valg
Bjørn Laupsa-Borge er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×