Badehus i Erdalen
Tenk deg at du har hatt eit herleg bad uansett årstid og så, når du skal kle på deg att så kjem regnet! Og kanskje vind i tillegg! Kva er då betre enn å kunne gå i le der du kan kle på deg uten å verte våt igjen?
Dette har vi så lyst til at alle skal kunne få lov til og derfor vil vi bygge eit badehus i Erdalen. Alle løyve er innhenta så det er berre midlane det står på. Håpar alle som kan vil gje eit bidrag, enten lite eller stort og at de vil dele spleisen slik at vi når fleire.
Dette er den stranda som ligg nærast Førde og vi håpar dette kan vere med på å gjere den meir attraktiv. Vi vil i tillegg prøve å rydde stranda slik at den kjekkare å bruke.

