Kunstnerene Aslaug Moi Frøysnes og Odd Jørgensen vil no samarbeide om å lage denne skulpturen av kvardagsmennesket Bjørgulv Myhola, som gåve til Bygland kommune, for absolutt minstepris, berre det som det vil koste å lage den i materiale og utgifter.
Hyllest til kvardagsmennesket «Bjørgulv med stuten»
Vi er mange som lenge har ynskja ein statue i Bygland sentrum.
Kunstnerene Aslaug Moi Frøysnes og Odd Jørgensen vil no samarbeide med om å lage denne skulpturen av kvardagsmennesket Bjørgulv Myhola, som gåve til Bygland kommune, for absolutt minstepris, berre det som det kostar å lage den i materiale og utgifter.
Sigurd Haugsgjerd, redaktør i Setesdølen, skriv:
«Monumentet «Bjørgulv med stuten», som det no blir tatt initiativet til på Bygland, vil kunne bli starten på den opplevingsparken som kulturinteresserte krefter ivra så sterkt for, alt for nesten 30 år sidan. Den gongen var tanken å reise eit minnesmerke over setesdalskjempa Bjørgulv Uppstad som representant for «neverettens tidsalder» i dalen. Det var det delte meiningar om den gongen. No gjeld det barnebarnet hans, Bjørgulv Myhola, eit kvardagsmenneske som opp mot vår tid vart kjend fordi han køyrde med stut i staden for hest som framkomstmiddel. Monumentet over han er ukontroversielt og vil gje Bygland ein sårt tiltenkt attraksjon på det vakre museumsområdet like ved riksveg 9.»
Innsamling til statue av Bjørgulv med stuten.
Grunngivinga for å få opp denne statuen i Bygland er denne: Bjørgulv Myhola var ein institusjon i Bygland og i Setesdal gjennom det lange livet sitt. Men han var så mykje meir enn det.
Bjørgulv levde ikkje berre for dei som levde i faren tid. Han var ein levande reklameplakat for Setesdal i all si tid. Han var òg eit vindauge mot framtida. Han gjekk aldri med noko anna ein setesdalsbunaden og talte det opphavelege dølemålet. No når delar av kulturen frå Setesdal er hamna på UNESCOs verdsarvliste gjer det grunngivinga for statue sterkare.
Bjørgulv brukte mykje av livet sitt som historieforteljar, det var det han vart kjent for. Og det synlege bilete «Bjørgulv med stuten» gjorde at han var som ein magnet på turistar og dei unge som vaks opp i dalen. Han var opptatt av å ta vare på «tidsalderen til neveretten» og ikkje minst forfedrane sine, setesdalskjempene Bjørgulv Uppstad og Knut Bjørgulvson. Han var ingen smågut sjølv heller. Det var Bjørgulv som sørgde for at steinen Knut løfta (314 kg) i dag ligg med bronseplakett utanfor rådhuset, som eit symbol på denne tida.
Det blir sagt at når ein gamal mann døyr, brenn eit bibliotek. Det gjorde det verkeleg med Bjørgulv Myhola.
Bjørgulv står òg som eit symbol på eit naturfolk, eit fjellfolk som fortalde mytar og spøkri, men som også hadde eit nært forhold til Vårherre.
Vi meiner dessutan at "Bjørgulv med stuten" kan bli ein turistattraksjon i Bygland, der familiar på veg opp eller ned Riksveg 9 vil stanse og ta bilete ved dette unike monumentet. Det vil vera eit tiltrekkande syn, ein mann i dølebunad som bruker okse i staden for hest, og som sjølv var bortimot 2 meter høg, ein uvanleg høgde på den tida.
Ønsket vårt er at monumentet skal stå ved riksvegen anten ved Presteneset eller ved bensinstasjonen.
Målet er at statuen skal avdukast 29. augustunder Protestfestivalens prolog på Bygland.