Goodie-bag til jentene på Stord cup
Til alle foreldre/foresatte
Dette er sjølvsagt heilt frivillig, og berre eit forsøk på å samle inn litt pengar til å lage litt ekstra stas for jentene på cup. Det er foreldrene til jentene som får denne spleisen - vi treng ikkje dele utover det. (Av praktiske årsaker går dette til min konto, men eg vil dokumentere alle kjøp og sette ev. rest på lagskonto.)
Både spelarane og trenarane er allereie kjempeflinke på å ta vare på det gode miljøet i laget, og eg tenkjer det er kjekt å kunne bidra til dette fellesskapet.
Eg tenkjer å lage til ein goodie-bag som alle jentene får når dei kjem til cup. Og blir det noko til overs så blir det brukt på is, frukt og andre oppmuntringar undervegs.
Er det nokon som har give-aways på sine jobbar, så er det veldig kjekt. Og om nokon kjener nokon osv. så kom gjerne med saker... Berre ta kontakt med meg :)