Klubbhus - Møte/etarbord og stolar - private og bedrift vil dokke støtte oss litt?? :)
Idrettslaget opna for ikkje så lenge sidan dørene til klubbhuset som har vore under oppussing i nokre år til den frivillige idrettslagsrelaterte jobben og ikkje minst til utleige for offentlegheita til t.d. barneselskap. Og vi er særs glade for gode tilbakemeldingar på kor kjekt lokalet er. Men, vi ser også det gjerne skulle vore ei litt «lettare» løysning på enkelte ting for framtida til huset, som i dette tilfelle er møte/etarborda og stolane som er der pr. idag.
Dei er både gode å sitja rundt og i, det er ikkje det, men dei er også plasskrevjande og tunge å handtera (litt slitt også kan leggast til) for både utleigar og leigetakar ved rydding og vask. Så vi har derfor oppretta denne innsamlinga, i håp om å få hjelp til å kome nærast råd kostnadane som krevjast til å få på plass den «lettare» løysninga vi har sett ut på 4 nye møte/etarbord og 20 nye stolar som krevje mindre plass.
Mange bekker små gjer ein stor Å, heite det så fint, så vi er sjølvsagt veldig takksame for alle bidrag som måtte kome inn. 😊
Mvh
Styret i Moltustranda idrettslag.
