Leikanger skulemusikk skal på tur!
Har du lyst til å bidra til at skulemusikantane våre får dra på tur i år?
Leikanger skulemusikk skal no på sin første korpstur på lenge. Vi feirar at vi nettopp har fylt 70 år, og skal heilt til Verona i Italia på korpsfestival i juni. I fleire år har musikantane våre jobba hardt og lojalt gjennom tunge koronaår, og vi vil gjerne premiere dei med ein tur. Festivalen vil gi eit innblikk i ein stor musikkultur, og bidra til speleglede og fellesskap. Vi håpar turen kan motivere til fortsatt medlemsutvikling og dermed viktig bidrag til lokalsamfunnet på 17. mai, julegrantenning og andre lokale arrangement. Vi set stor pris på ditt bidrag!