Spleis for rehabilitering av Nothuset i Haugsneset
Foreningen Haugsdalens Notlag jobbar for å bevare nothuset og gje huset nytt liv!
Det å redde nothuset er eit stort økonomisk løft. Med tanke på tilstanden til bygget, har vi ikkje tid å miste. Mykje av finansieringa er sikra, men det manglar framleis 1/4 av budsjettet, ein relativt stor sum.
Det er Irene Tvedt Misje og Helge Tvedt som står i spissen for tiltaket, og oppgåva har dei fått av far sin Magne Aarnes Tvedt (1950-2018).
Bart Lesaffre leiar og utfører det tekniske byggearbeidet.
Ved å støtte denne spleisen bidreg du til å ferdigstille dette gode tiltaket.
Les gjerne meir om prosjektet på https://kulturminnefondet.no/nothuset/ og på Facebook-sida til Notlaget.
Nothuset er lokalisert i Haugsnestet i Vågane, innst i Fensfjorden i Alver kommune. Her er kartreferanse.