Hopp til hovedinnhold

Vere med å bidra til å bygge ein golfsimulator i Bremanger

Pengane går til innkjøpe av ein trackman golfsimulator.

Vi i Nye Bremanger er begeistra for å kunngjere vårt komande prosjekt: eit toppmoderne innandørs golfsimulatoranlegg som skal etablerast i Bremanger, midt i sentrum. Vi ønskjer å invitere deg til å bli ein del av denne spennande satsinga som sponsor.

Om oss:

Nye Bremanger er ein frivilleg, ideell organisasjon som skal fremme lokalbefolkninga sine interesser knytta til laget sitt geografiske virkeområde, Bremanger.

Nye Bremanger skal arbeide for gode og attraktive arbeids og bumiljø, «det beste valet».

Målgruppe:

Vårt fokus er å tilby eit breitt spekter av aktivitetar, særleg retta mot barn og ungdom i området, for å gje dei eit verdifullt fritidstilbod og oppmuntre til ein sunn livsstil. Golfsimulatoren vil være eit tilbod for heile samfunnet i Bremanger og dei omkringliggjande bygdene. Den vil fungere som eit samlingspunkt for fastbuande i heile kommunen, i alle aldrar, frå erfarne spelarar til nybegynnera, og vil bidra til å fremje fysisk aktivitet og fellesskap i lokalsamfunnet.

På same tid vil vi også tiltrekke turistar som søker spennande fritidsaktivitetar og opplevingar under deira opphald i Bremanger, og håpar at dette kan være eit tilbod som kan få dei til å bli ein dag ekstra.

Om Prosjektet:

Prosjektet vil bestå av ein golfsimulator og eit lokale som er tilrettelagt for spel ved bruk av golfsimulator. Vi har valgt å investere i ein Trackman golfsimulator - anerkjend som den beste i bransjen - for å sikre den høgaste kvaliteten og mest realistiske golfopplevinga for våre brukarar. Trackman gjer ein opplevelse som nesten er like realistisk som å spele på ei ekte golfbane, og ein vil få tilbakemeldingar og analysar som gir gode muligheitar for å betre sine ferdigheiter.

Slik fungerar det:

Golfsimulatoren brukar avansert teknologi for å gjenskape golfspelet, innandørs. Du slår golfballen fra ei matte, og ved hjelp av sensorar og kameraer registrerer den nøyaktig korleis du slår golfballen og kor den ville landa på ei ekte golfbane. Dette lar deg praktisere og spele golf uansett veir og årstid, og tilbyr ein realistisk opplevelse som lignar å spele på ei ekte bane.

I ein golfsimulator kan opptil fire personar spele i lag. Spelet går på tur, der kvar spelar slår ballen frå utslagsmatta. Målet er å bruke så få slag som mogleg for å fullføre 18 hol på bana. Etter kvart slag viser skjermen kor ballen landar, slik at spelarane kan følgje med på avstanden og posisjonen deira. Golfsimulatoren tilbyr òg eit breitt utval av golfbaner frå heile verda, slik at spelarane kan velje favorittbanen sin eller prøve seg på nye utfordringar kvar gong dei spelar. Ein kan også delta på turneringar over internett, spele forskjellige konkurranse-modular i Trackman eller bere stå å øve seg på driving range.

Lokasjon:

Vi har no gleda av å informere om at vår nye golfsimulator vil bli plassert midt i sentrum, ved Spar-butikken. Denne sentrale lokasjonen gjer golfsimulatoren svært synleg for alle turistar som besøker butikken, samt at den er lett tilgjengeleg for alle innbyggjarane.

Den strategiske plasseringa gjer at alle enkelt kan nyte ei golfrunde, anten ein kjem frå butikken, jobb eller anna aktivitet. Dette sentrale punktet i sentrum sikrar ein høg frekvens av besøkande og skapar ein livleg atmosfære for alle som ønskjer å prøve golfsimulatoren.

For å reservere golfsimulatoren, vil vi bruke eit effektivt bookingsystem som gjer prosessen enkel for brukarane. Ein vel ønska tidspunkt for golfspeling, betalar den gjeldande prisen og mottek deretter ein unik kode via SMS eller e-post for å få tilgang til golfsimulatoren. Dette blir eit løft for heile Bremanger kommune, og prosjektet samsvarar med funna i verdiskapingsanalysa frå Ytre Bremanger som mellom anna indikerte behovet for utvikling av innandørsaktivitetar og generelle aktivitetstilbod.

Vere med å bidra til å bygge ein golfsimulator i Bremanger

29 600 kroner innsamlet

42 givere
Avsluttet 04.11.2024
29% av 100 000 kr
Verifisert
Joakim Totland Hauge
står bak spleisen
NYE BREMANGER mottar pengene
Avsluttet

Siste aktivitet

  1. 1 ga anonymt
  2. Steffen Fosse
    Foooore!🏌️
  3. Ferstad Ronny

Hjelp Joakim Totland Hauge å nå frem til flere!

Deler du spleisen med nettverket ditt bidrar du i snitt med 1 000 kr ekstra til spleisen 💰
Facebook
Kopiér lenke
Flere valg
Joakim Totland Hauge er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×