LukkVi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Les mer om personvern på Spleis eller finn lenken igjen i bunnen av siden.
Prosjektbilde for Bokprosjektet "Lobotomert"

Bokprosjektet "Lobotomert"

Du får boka i løpet av 2025, eller pengane attende.

I 2023 lanserte eg boka "Harastølen. Heimen for dei utstøytte". Det vart ein suksess, mellom anna takka vera støtte, tips og heiarop eg fekk frå gode folk på Spleis. Boka vart kåra til "Årets indiebok 2023", og prisen delt ut på Litteraturhuset i Oslo. 

No er eg i gang med eit nytt bokprosjekt!

  • Støtt meg ved å bestilla boka på førehand no og få ho tilsendt/levert gratis i 2025. Betal kr. 450 her i Spleis (obs: skriv full adresse eller bestill på nettbutikken til OMI Forlag. Meir info nedst på sida.) 
  • eller om du vil støtta bokprosjektet med ein sum. Liten eller stor sum vil vera til stor motivasjon for meg. Dess fleire som engasjerer seg, desse betre er det for meg som nystarta, knøttlite forlag.

I arbeidet med Harastølen-boka kom eg over historier om menneske som var blitt lobotomert. "Ein skamplett i norsk psykiatrihistorie", skreiv ein psykiatar til meg om denne perioden.

Undervegs i arbeidet oppdaga eg ein slektning eg ikkje visste eg om. Ei grandtante i Hardanger som vart lagt inn som "sinnsyk" då ho var 23 år gamal. I over 60 år og fram til ho døydde, budde ho på det som den gongen vart kalla "Valen sinnsykeasyl".

Eg kjenner ikkje mange detaljar frå livet hennar, men håper eg får innsyn i pasientjournalen slik at eg, og kanskje lesarane, får svar på om ho hadde eit godt eller dårleg liv på institusjonen. Personvernet skal med rette vera sterkt, men i denne samanheng er det naturleg å stilla spørsmålet kven personvernet skal verna: Pasienten som var svakaste part, eller overlegane med makt til å gjera det dei ville? 

Får eg nokon gong svar på om ho var blant dei mange kvinnene som vart lobotomert på Valen?

Den siste lobotomeringa i Noreg skjedde så seint som i 1974. Fleire år etter at dei fleste land hadde slutta å bruka denne metoden.

  • Kva var målet med å bore hol i hovudet på menneske som var sjuke, eller vanskelege å handtera?
  • Kvifor var Noreg blant dei landa i verda som lobotomerte flest, i høve innbyggjartal?
  • Kvifor passa denne metoden spesielt "godt på kvinner"?
  • Kvifor vart metoden brukt fleire år etter at medisin var teken i bruk i mange andre land?
  • Kva meinte fagfolk den gongen, og kva meiner dei no om det som skjedde?

Boka, som er i sjangeren sakprosa, skal løfta fram dei lobotomerte sin historie. Slektningar og fagfolk skal få koma til orde. Lanseringa blir i 2025.

Både tittelen "Lobotomert" og framsida til boka er tidleg kladd, og kan endra seg undervegs. Som med Harastølen-boka, hyrer eg inn dyktige folk innafor design, redaktør og språkvask. Eg vil så langt råd er skriva ei nyansert og nøktern framstilling av fenomenet lobotomering, nasjonalt og internasjonalt.

Spar kr. 122,- ved å kjøpa boka no på OMI forlag og du får ho tilsendt med fri frakt i 2025.

Følg prosessen fram mot ferdig bok på oddrun.com

Denne spleisen er viktig for meg; sjølvsagt med tanke på inntekt, men òg heiarop og eit signal om dette er ei historie folk over heile landet vil vita meir om.

Bokprosjektet "Lobotomert"

8 530 kroner innsamlet

19 givere
89 dager igjen
17% av 50 000 kr
Oddrun Midtbø sitt profilbilde
Verifisert
Oddrun Midtbø mottar pengene
Denne knappen åpner en modal med delingsknapper, hvorav den første heter «Del på Facebook».
Del innsamlingen
Facebook
Twitter
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
Oddrun Midtbø er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×