Ynskje om ein gapahuk og eit leikeområde for barn og unge
Alle pengane som vert samla inn går til å kjøpe inn materiale og leiker.
Me ei gruppe av voksne, som på vegne av Torsnes Ungdomslag har eit stort ynskje om å setja opp ein gapahuk og laga eit fint leikeområde rundt. Dette vert ein plass som alle har fri tilgang til.
Me håper området kan verta nytta av barnehage og skule. Me ynskje ein samlingsplass for barn og unge, samt andre som kan ha glede av gapahuken og leikeområde.
Me har fått noko flotte bidrag av forskjellige sponsorer, men me manglar siste del. Alle som bidrar er frivillige og me sender ein stor takk til alle som støtter oss.