Takbytte Strandatun
Stranda Bygdalag eig og driftar Strandatun. Strandatun vart oppført i 1962. Det originale taket som vart lagt på når skulen var ny, trengs no å skiftast. Stranda Bygdalag har i fleire år forsøkt å søkja midlar til å byta taket. I 2024 fekk me endeleg gjennomslag med heile to søknadar, og takbytte er nærmare enn nokon gong. Sparebanken Vest har gjeve midlar på hele kr. 450 000, medan Alver kommune bidreg med kr. 50 000,- til prosjektet. Stranda Bygdalag er heilt avhengig av desse midla for å kunne gjennomføra prosjektet.
Taket og huset klarar truleg ikkje ein ny haust- og vintersesong. Ein ser tydelege forverringar på fuktskadar innvending i løpet av det siste året. Det er betydelege lekkasjar på loftet, der det også lek ned til etasjen under. Dragaren i leskuret har begynt å rotne, og må skiftast før den knekk. Taket bør absolutt skiftast i løpet av hausten. Etter ein anbodsrunde med fire anbydarar, vart det Eikanger Bygg AS som til slutt vann anbodet. Dessverre har ikkje Bygdalaget nok pengar på bok til å dekke inn de resterande utgifta utover de kr. 500 000,- som er gitt til prosjektet. Stranda Bygdalag er avhengig av å få inn fleire midlar for å kunne berge både hus og tak. Utan huset vil kanskje ikkje Stranda Bygdalag bestå.


