Statuen "Bjørgulv og stuten"
Statuen har fått store lovord som eit flott kunstverk som syner samspelet mellom mann og dyr. Bjørgulv Myhola var ein av få som nytta okse i staden for hest som trekkdyr - heilt fram til han døydde i 1968 - også når han skulle frå Skåmedal til Bygland for å handle. Han var og kjend som ein framifrå sogeforteljar.
Bygland museum er basert på gardstradisjonar med særmerkte bygningar, men har mangla innslag av husdyr, som var viktige på alle gardar i Setesdalal!
Kommunestyret vedtok i september at statuen skal plasserast på haugen sør for Ose-løa, ved inngangen til muséet, der han også blir eit blikkfang for alle på reise gjennom Bygland. Han er laga i sterk fiberbetong slik at born gjerne kan klatre på han.

Foto: Olav Aasen Haugsgjerd, Setesdølen.
Spleisen vil halde fram til statuen er finansiert, og privatpersonar, bedrifter og institusjonar er inviterte til å bidra.