Nødhjelp i Libanon
Israel har vendt krigsmaskineriet nordover og tusenvis av sivile blir i desse dagar tvunget på flukt. Situasjonen er akutt og nødhjelp er livsviktig. I kjølvatnet av dette har det oppstått to “nødshjelpkollektiv”, eitt i Beirut og eitt i Chouf-regionen. Dei har fått namna Chouf Youth Initiative og Beirut Solidarity Collective. Dette er venar og bekjente av meg som no sit klare til å kjøpa, og distribuera nødhjelp som blant anna mat, vatn, morsmelkerstatning og medisin. For å få til det, treng dei pengar.
Pengar donert gjennom denne innsamlinga går direkte til frivillige i Libanon. Det er ingen mellomledd, ingen administrasjonskostnadar eller løningar. Kvar krone går direkte til nødhjelp.
Om du ikkje har pengar å avsjå, kan du bidra med å dela innsamlinga vidare. Alt hjelper.
Nedanfor er eit par bilde av diverse som gjengen i Beirut deler ut. Pengane som kjem inn her vil hjelpa dei å kjøpa meir.

