Elevane på Sæbø skule spring til inntekt for sjukehusklovnane.
Alle pengane som vert samla inn går direkte til sjukehusklovnane sitt gode arbeid for born på sjukehus.
Skulen ynskjer å støtte sjukehusklovnane, då vi har sett det viktige arbeidet dei gjer for born på sjukehus. Elevane sine støttespelarar bidreg med eit valfritt beløp pr runde som eleven spring rundt Hjørundfjordheimen. Ved å samle inn pengar til sjukehusklovnane kan vi bidratil større livsglede og meistring i ein vanskeleg kvardag for dei sjuke borna. Under sjølve skuleløpet vil vi også skape aktivitet for dei eldre i bygda sidan vi spring rundt sjukeheimen.