Ikon, legende og stjerne Jesper Nondal sin spleis for vestlendingar og bygdehomsar
Hei, Jesper Johanson Nondal her. Ein mann som har fått mange merkelappar oppgjennom åra - ikon, legende, stjerne, idiot - men kanskje best kjend er eg for å gi folk nyheiter på P3. Og er det ein ting eg ikkje er, så er det hetero.
Eg er så heldig at eg får tilbringe ei natt med Larviks svar på Roy Narvestad, Anna Nor Sørensen under årets P3aksjon. Derfor oppfordrar eg venner, kjente, familie, sogningar, vestlendingar, nynorskbrukarar og bygdehomsar til å vise: VI ER RAUSE FOLK!
Årets P3aksjon går til Barnekreftforeningen sitt arbeid med å etablere familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo.
Kva går pengane til i år?
Saman skal vi bidra til at:
- Familiar unngår å bli splitta sjølv om dei bur langt vekke frå sjukehuset.
- Alvorleg sjuke ungar får ha heile familien hjå seg i behandlingsperioden.
- Foreldra kan ta vare på alle ungane sine, seg sjølv og kvarandre.
- Søsken blir inkludert, sett og tekne vare på.
- Familiane kan finne ro og får leve eit meir normalt kvardagsliv i ein vanskeleg situasjon.
Følg P3aksjonen direkte på NRK P3 eller på p3.no (16. – 20. oktober)