Bli med på VOLDA TURN OG IDROTTSLAG FOTBALL sin VM-dugnad!
Volda Fotball er ein stor bidragsytar i lokalsamfunnet med det største annlegget i Volda kommune som er drifta utan noko tilskot frå det offentlege. Vi er avhengig av alle bidrag frå samarbeidspartar, medlemar og frivillige for å oppretthalde den gode aktiviteten i klubben.
Vi er opptatt av å skape draumar, glede og samhald i trygge og gode rammer ved SpareBank 1 Idrettspark Volda stadion for alle som nyttar det flotte anlegget vårt.
VM-dugnaden vil skaffe inntekter til klubben og bidra til drift, aktivitet og utvikling. Slik kan fleire nå draumane sine, små eller store.
