Utstyr til redningsbåt
Volda Røde Kors Hjelpekorps har det siste året samla inn pengar til ny redningsbåt. Takka vere god støtte frå lokale bedrifter og støtte frå privatpersonar, har vi klart å skaffa nok pengar til å kjøpe inn ny redningsbåt. Båten er no under produksjon og blir levert oss i april 2017.
Vi har framleis behov for å utstyre båten med redningsutstyr slik at den blir godt egna redning og søk. Utstyret vi treng er blant anna båthengar, lysutstyr, redningsvestar, flytedrakter, kartplottar/gps m.m.
Vi håper denne Spleis-aksjonen kan hjelpe oss å samle inn dei midlane vi treng for å kjøpe inn nødvendig utstyr :grinning:
Om Volda Røde Kors Hjelpekorps
Røde Kors Hjelpekorps er frivilleg samfunnsberedskap i praksis: Hjelpekorpset blir utkalla av politiet når nokon blir meldt sakna, ved større ulukker og naturkatastrofer. Omlag 15 gongar i året blir hjelpekorpset i Volda kalla ut til oppdrag.