Prosjektbilde for Fast giver?  Gi først et beløp -- NB: Først etter "Legg igjen hilsen" Velg: Bli fast giver!

Oppdateringer

  1. Eg gler meg veldig til 31. mars

    10. mars 2025 07:34

    Kjære alle som sendte meg bursdagsgåver i januar - no skal eg SNART gje det vidare!

    (Sjekk videoen med reaksjonen eg fekk då jentene fekk vite at eg skulle ta dei fri frå skulen ein dag og ta dei med på BEACH RESORT)

    Før helga besøkte eg jentebarneheimen og overnatta hos dei frå fredag til laurdag.  Det bur 33 jenter på barneheimen, samt ein liten gut på 3 år, som dei tok imot då han berre var 2 mnd gamal. I tillegg har den eine jenta på 15 år blitt mor til ein liten gut som no er 4 mnd gamal.  To andre gutar på 10 og 12 år bur på utsida i ei lita hytte saman med mora si, men dei har alle måltid og dagliglivet ilag med jentene fordi mora deira har ein liten inntekt som "House parent" - dei er altså reservemamma og reservebrødre..  Det er to som vaksne som har "house parent"-rolla. I tillegg fungerer dei to nonnene, Flor og Nelma som trygge og kjærlige mødre for borna.  Det var rørande å høyre borna kalle dei for "momy" og sjå dei få kos og klem. I tillegg jobber 3 unge jenter som frivillige, dei var barnehjemsbarn der før, har blitt over 20 år, og er ikkje modne til å flytte ut og klare seg sjølve - difor lar nonnene dei få bu vidare mot at dei hjelper til med matlaging og reinhald.

    Om lag halvparten av jentene har vore utsatt for seksuelle overgrep, det er dessverre veldig vanleg.. Like mange har blitt forlatt av foreldra sine for å klare seg åleine på gata, og resten har blitt "gitt bort" til barneheimen fordi foreldra var så fattige at dei ikkje klarte å gje mat og omsorg til borna sine.. Oftast er det ein ombinasjon av alle tre situasjonane.

    For snart tre år sidan kom det inn ei fortvilt mor med ei gravid datter på 10 år - faren hadde voldtatt jenta deira..  Babyen vart forløyst ved keisersnitt og det går no bra med mor og born, sjølv om situasjonen er absurd og tragisk.  Den vesle babyjenta var underernært og for tidleg fødd.  Mora klarte sjølvsagt ikkje heilt å ta ansvar for eit born - ho er sjølv framleis berre eit born.. det er derfor flott at nonnene tillet mora til jenta å framleis bu ilag med dei og passe barnebarnet på dagtid, slik at den unge mora, som no er 13 år, får gå på skule.

    Vi har i 15 år vore faste støttespelarar og donert 50 kg ris til barneheimen, dei siste åra har vi også gitt to brett med egg, samt morsmelkerstatning til den for tidlig fødte baybyen.  No vil eg overraske dei med ein tur på BEACH RESORT - verdas beste bursdagsgave til meg var å kunne glede andre på denne måten - TUSEN TAKK FOR ALLE GÅVENE!

    NB: Til dokke som øyremerkte gåvene til skrivesaker, skulemåltid og skuleuniformer på førskulen vår:  Det er sjølvsagt ikkje gløymt! Det er snart nytt skuleår, då blir dykkar bidrag viktige - 1000 TAKK! Overskotet frå innsamlinga og alle faste donasjoner vil også gå til Lola Day Care Center - vår hjartesak.

    Oppfølging kjem

Fast giver? Gi først et beløp -- NB: Først etter "Legg igjen hilsen" Velg: Bli fast giver!

8 270 kroner innsamlet

37 givere
83 dager igjen
33% av 25 000 kr
Denne knappen åpner en modal med delingsknapper, hvorav den første heter «Del på Facebook».

Siste aktivitet

  1. Kari A
    Lykke til
  2. 2 ga anonymt
  3. Simen
    Stolt av deg mamma<3
Del innsamlingen
Facebook
X
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
PROSJEKT FILIPPINENE V/MAY BRITT TYNES er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×