Støtt Yasmin og barna i ei vanskeleg tid!
For snart tre år sidan kom Yasmin, Saif og barna deira, Hanin og Alaa, til Stord. Hanin er 6 år og går i første klasse og Alaa er snart 10 og går i fjerde.
Familien flykta frå Syria i håp om ei tryggare framtid. I oktober i fjor fekk Saif kreft, og dessverre gjekk han bort nyleg.
No står Yasmin åleine med ansvaret for å ta vare på dei to barna sine, samstundes som ho tek norskkurs og grunnskule for å bygge ein betre framtid for familien. Situasjonen er svært krevjande både emosjonelt og økonomisk.
Me ønskjer å bidra for å lette det økonomiske presset Yasmin står i, slik at ho kan fokusere på barna og utdanninga si.
Kvart bidrag, stort eller lite, vil bety mykje for familien i denne vanskelege tida.
Takk for støtta
Oppdatering 28/11:
Tusen hjarteleg takk til alle som har støtta så langt. Responsen er overveldande og varmen frå alle som bryr seg set spor.