Vi ser fram til å sette i gang arbeidet med å gjere skuleplassen vår finare, og takkar hjarteleg for ditt/dykkar bidrag til at vi skal få dette til!
Helsing alle oss på skulen
Vi ser fram til å sette i gang arbeidet med å gjere skuleplassen vår finare, og takkar hjarteleg for ditt/dykkar bidrag til at vi skal få dette til!
Helsing alle oss på skulen
Vi har som sagt lyst til å få lagt ny asfalt, og då ser vi for oss at det blir flott å få plassert nokre asfaltmalingar på som kan fremje aktivitet og samarbeid, samstundes som det prydar skuleplassen. Desse produkta (som berre er døme på kva som kan vere aktuelt) vi viser bilete av her kostar frå ca 13.000 til ca 27.000 kroner (+ montering).
No er det snart helg, og vi nærmar oss veldig 25.000 innsamla kroner, og halvvegs til det hårete målet vårt. Hurra og tusen takk for alle bidrag så langt!
Vi er svært takksame for alle bidrag, store som små - og håpar sjølvsagt på endå fleire i ein langspurt dei siste 12 dagane denne spleisen er open. Alle bekkar små gjer ei stor å. Får vi inn nok, slik at vi kan få lagt ny asfalt, håpar vi også å kunne dekorere asfalten med nokre fine motiv.
Tusen hjarteleg takk til alle som har støtta spleisen vår så langt. Spleisen er godt i siget, og vi har så langt fått inn nær 15.000 kroner. Vi vert svært glade for alt vi greier å få inn. Di meir støtte vi får, di meir kan vi få gjort for å oppgradere uteområdet vårt, mellom anna med ny asfalt på skuleplassen. Vi håpar at de held fram med å dele spleisen, slik at flest mogeleg får høve til å bidra. God helg til alle gode vener og støttespelarar av skulen!
Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;