Reparasjon av ødelagt bane i ballbingen ved Mork Skule
Som mange veit er grunnen under bana i ballbingen ved Mork Skule i veldig dårlig forfatning. Der er holer og store ujamnheitet som gjer bingen vanskelig å nytte slik den er tiltenkt.
Det ikkje alle veit er at det er Mork IL som eig denne, og at vi i fleire år har prøvd å få Volda Kommune med på laget for å utbedre dekket i denne.
Nytt kustgras har idrettslaget kjøpt inn, og det er grunnarbeidet som gjenstår for å få denne opp til trygg standard for alle framtidige fotballstjernene våre.
Volda Kommune eig grunnen den står på, og underlaget er så dårlig etter mange års bruk, den snart bør stengast.
Vi innser no at vi ikkje kjem nokon veg med å prøve å få med kommuna på laget for å utbedre dette, og vi har sett oss nødd til å ta saka i eigne hender.
Bli med på spleis for å la alle kjekke ungane i bygda vår få forsette å ha glede av ballbingen. For å la dei spele fotball i fritida, i friminutt og SFO, uten risiko for forstua føter eller brotne bein.
Spleisen vil bidra å dekke kostnad for utbedring av grunnen under ballbingen. Arbeidet vil bli utført på dugnad av alle som måtte ønsker å ta i eit tak for bygda vår 💪
Vi håper sjølvsagt også nærlingslivet vil vere med og bidra.
Mvh styret i Mork IL