Håp i ein dråpe vatn! Støtt kyrkja i Lærdal si bøsse for reint vatn
Sjå føre deg eit stille vatn – og så ei vatndråpe som treff overflata og ringane som breier seg utover i vatnet – fleire og fleire, nesten til det uendelege. Tilgang til reint vatn har ei enorm betydning og utgjer ein dramatisk forskjell på folk sitt liv.
Det er våre flotte konfirmanter og frivillige som står bak bøssebæringa i Lærdal. I tillegg til bøssebæring, har me òg starta denne digitale bøssa. Tilgang til rent vatn er viktigare enn nokon sinne og innsamla midla går til heile Kirkens Nødhjelp sitt arbeid. Fasteaksjonen er Norge si nest største innsamling og har vore arrangert i over 50 år.
Det nyttar i gi - det fekk Karoline Thyri, barne- og ungdomsarbeidar i kyrkja i Lærdal, sjølv vere vitne til, då ho var med Kirkens Nødhjelp til Malawi.

Karoline held balja med vatn under handvasken - det er nemleg tid for varm lunsj for borna på førskulen i Malawi. Foto: Geir Endre Kristoffersen/ Kirkens Nødhjelp.
Her har Kirkens Nødhjelp vore med å bygge brønn med tilhøyrande fem vatnkranar som forsyner 15 hustander med vatn. Dei vaksne har, med veiledning av agronomar, lært å bruke dryppvantningsystem for å dyrke næringsrik mat på ein tidseffektiv og ressurseffektiv måte. Slik kan dei no hauste tre avlingar i året, framfor berre ein gong i sesong.
Vatningsveitane
I det tørre klimaet heime i Lærdal har bøndene i uminnelege tider leia vatn frå elv til dyrka mark med kunstig vatning. Ei vatningsveit består av ei hovudvassåre og kanalar som kan opnast og stengjast for å leie vatnet der ein ynskjer. Vatningsanlegg med trykkvatn tok etter kvart over det gamle transportsystemet i Lærdal, men i ein liten fjellandsby i Malawi fekk Karoline sjå noko som minna om vatningsveitene her heime.

Frå nasjonalparken i området renn friskt vatn nedover dalen. Etter eit jordskred vart vatningssystemet øydelegt i dette området. Kirkens Nødhjelp har bistått i å bygge oppatt vatningsystemet som fraktar vatnet frå elva og ut i dalsidene. Dette er heilt vesentleg for å aukar både matsikkerheita og innteninga til innbyggjarane i landsbyen. Foto: Karoline Thyri/ Kirkens Nødhjelp.
Ein klubb med jentene i fokus
Malawi Girls Guides Association, er ein klubb der jentene får utvikle dei ferdigheitane og det sjølvbilete dei treng for å gjere positive endringar i eigne liv og i omgjevnadene sine.

Jentene frå Malawi Girls Guides. Foto: Karoline Thyri/ Kirkens Nødhjelp.
Ta vel i mot konfirmantane som deltek som bøssebærarar under fasteaksjonen.
I Lærdal vert dør-til-dør aksjonen held søndag 6. april. De er hjarteleg velkomne til Ung Messe i Hauge kyrkje klokka 11 denne dagen!

Nesten 800 millionar menneske lev utan tilgang til reint vatn i verda i dag grunna jordskjelv, tørke, flom, krig eller konflikt. Men det er håp. Ved å støtte Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon, kan me gje vatn til dei som treng det mest! For 300 kroner gjev du eit menneske tilgang til reint vatn resten av livet. Tusen takk for di støtte - det reddar liv! Fotocollage: Kirkens Nødhjelp.