Stryn Demenskor - ha det bra saman!
«Eit slikt kor vil eg også synge i», sa Lars Bergset då han såg den populære tv-serien «Demenskoret» på tv. Han byrja å rekruttere medlemmer og engasjerte dotter og musikkterapeut Liv-Jorun Bergset som dirigent. Dette var i starten av 2023, og ikkje lenge etter var koret i gong.
I Demenskoret Stryn deltek både dei som opplever å ha sviktande hukommelse eller demensdiagnose, dei pårørande og dei frivillige. Pårørande og deira kjære får delta i ein felles aktivitet – ei felles oppleving der ein er på lik linje på tvers av diagnose eller tittel, saman er vi koret.
Koret har fått stor åtgaum i lokalsamfunnet både i 2023 og 2024. Hausten 2024 hadde koret ein stor konsert i Stryn kulturhus i lag med Stryn musikklag og Nordsida Barnegospel. Ca 340 personar var tilhøyrarar, og det vart stor suksess.
I Stryn er det sett saman eit velfungerande team for å best mogleg kunne ivareta kvart enkelt kormedlem. Teamet består av aktivitør, akkompagnatør, ein musikkterapeut og fleire frivillige. Vi kjenner ikkje til andre fritidsarenaer i kommunen, som er tilpassa denne målgruppa.
For å kunne drive koret vidare, er vi avhengige av midlar. Om ikkje mister denne målgruppa det einaste tilrettelagte tilbodet som finst i kommunen.
Vi har fått midlar frå Stryn kommune og frå Nasjonalforeningen for folkehelsa, men dette er på langt nær nok.
Nå håpar vi at du vil legge inn eit bidrag!
Beste helsing Nasjonalforeningen Stryn Demensforening v/Inger Langvik