Vinjar Vikanes sin bursdagsspleis til LHL
Til bursdagen min i år ønsker eg meg ei gåve til LHL Transplantert 💜
Det er no ca 10 år sidan eg fekk eit nytt hjarte. 10 bonus-år hittil! Eg satsar på at det vert mange fleire!
LHL-Tansplantert jobbar kvar dag for å gjere kvardagen litt lettare for organtransplanterte og dei som ventar på eit nytt organ – og for pårørande som også står i ein vanskeleg og krevande situasjon.
Gjennom kunnskapsformidling, vegleiing, støtte til forskning, tilrettelegging for fellesskap og kampen for betre helsejenester, bidreg LHL til å gi håp og hjelp der det trengs mest.
Dette er ei sak som betyr mykje for meg, og difor håpar eg at du vil være med og bidra.
Tusen takk for at du hjelper meg å feire dagen på ein meiningsfull måte. 🎈