Støtt Sogndal skulemusikk - korpset som skapar liv og samhald i bygda!
Ingen 17. mai utan korps!
Sogndal skulemusikk er eit levande fritidstilbod for born og unge frå 3. klasse til dei fyller 19 år. Her får dei utvikle musikkglede, meistring og vennskap – og dei bidreg til fellesskap og feiringar i heile bygda.
For å sikre vidare drift treng me di hjelp. Å drive eit skulekorps krev pengar til instrument, instruktørar, uniformar, notemateriell og gode øvingsvilkår. Me jobbar aktivt med å rekruttere nye musikantar og skape eit trygt og inspirerande miljø for alle som vil vere med.
💛 Vil du bidra til at musikken framleis skal ljome over Sogndal 17. mai – og resten av året?
💛 Alle bidrag går uavkorta til drift av korpset.
💛 Me er utruleg takksame for all støtte – både små og store gåver betyr mykje!
🎺🎷🥁 Sogndal skulemusikk – for musikk, meistring og moglegheiter!
