Bli med å dekke våre utgifter til nasjonaldagen!
Leikanger skulemusikk er klar for folketoget og feiringa av nasjonaldagen! Vi stiller opp gratis som vanleg. Men det kostar å driva eit skulekorps – med behov for instrument, instruktørar, uniformar og notar. I år var det på høg tid med nye trommeskinn på basstromma vår. I tillegg har vi kjøpt inn tre ekstra noteklyper. Det kosta oss 4048 blanke kroner, men det må til når vi skal ut og marsjere.
Vi er eit aktivt og inkluderande tilbod for born og ungdom frå 3. klasse og opp til 19-årsalderen. Gjennom musikken får musikantane oppleve glede, utvikle ferdigheiter og knyte varige vennskap, samtidig som dei spelar ei viktig rolle i bygda sitt kulturliv og fellesarrangement.
Bli gjerne med å dekke våre utgifter til nasjonaldagen!