Innkjøp av laftesett + oppbevaringskasse til Tomrefjord skule!
FAU ved Tomrefjord skule har eit ynskje om å overraske barna etter sommarferien med eit laftesett. Bygging med laftesett stimulerer barna sine evner til kreativitet, nyskaping og samarbeid . I tillegg får barna fysisk aktivitet og meistringskjensle av å bygge noko med eigne hender. Barna kan mellom anna bygge hytte, lite stabbur, sjørøverskute, bil/buss eller sleppe fantasien fri. Tomrefjord er ei bygd som har lange tradisjonar innan industri og handverk og vi håpar at særleg bedrifter har moglegheit til å vere med å sponse potensiell framtidig arbeidskraft med eit laftesett. Vi oppmodar elles andre som er interessert i oppvekstmiljøet til barna i bygda om å støtte spleisen. Små og store beløp blir motteke med stor takk!
Mvh FAU Tomrefjord skule.