Støtt skulehagesatsinga og bidra til å ferdigstille pergola, utekjøkken og platting💚
Grøn Integrering har i fire år jobba for å byggje opp skulehageområdet ved Nordfjordeid Skule. Grøn Integrering er ein frivillig organisasjon og heile prosjektet er basert på prosjektmidlar og gåvemidlar frå stiftingar, sponsorar og tusenvis av dugnadstimar.
Grøn Integrering har samarbeidsmandat med Stad Kommune om å bruke området. Pergola, utekjøkken og platting er trinn fire i prosjektet "skulehagesatsinga".
Vi er no i gang med å byggje pergola med tett tak og spileveggar. Målet er å byggje kjøkkenbenk med vask og arbeidsplass for matlaging. Vi ynskjer stikkontakter og lys. Vi har planlagt ein stor terrasse til å sitje på og som kan nyttast som scene framfor amfiet.
Grunnarbeid er utført av Nordfjord Vegservice med straum og vatn klart. Betongarbeid er også gjort.
Materialkostnadane er skyhøge for ein liten frivillig organisasjon. Difor manglar vi ein del finansiering for å kome heilt i mål.
Vi håpar at foreldre, besteforeldre og vener av elevar ved Nordfjordeid skule ser verdien av dette prosjektet for alle elevane ved skulen🦋
Vi håpar lokalsamfunnet ser potensialet i skulehagen som ein viktig inkluderingsarena og som eit tiltak for å jamne ut forskjeller i samfunnet ved å bekjempe barnefattigdom. Den nye pergolaen vil bli ein fantastisk arena for å til dømes feire barnebursdagar på, heilt gratis🥳
Vi håpar alle som heiar på grøne, bærekraftige prosjekt som fokuserer på naturmangfald og formidling av økologisk matproduksjon med matberedskap som eit viktig mål, ser verdien og ynskjer å bidra i spleisen🌸
Du kan også bidra på andre måtar:
Vipps til 754808
Ei gåve kan førast direkte over til lagskontoen: 3705 50 17116
Hjelp oss gjerne med å spre ordet❣️