Sommarhjelp frå Osterøy
Med å gje eit bidrag til denne spleisen sørger du for at barna som er ramma av krisa i Gaza raskt får livreddande hjelp. Saman redder me barn.
Verda er vond og vanskeleg, men Osterøy er full av varme. La oss vise det, og sende noko av denne varmen til dei som treng det mest.
Selg kaker på butikken, vipps over ein slant, spre spleisen til ein venn.
Alle pengane som blir samla inn går til Redd Barna sitt arbeid for barna i Gaza. Saman sørger me for at deI mest sårbare barna raskt får beskyttelse, mat, reint vatn og medisiner.