Hjelp oss arrangere ‘Når rettssikkerheten svikter – hvem tar ansvaret?’ under Arendalsuka.
Rettssikkerhet er ein grunnpilar i rettsstaten – men kva skjer når den ikkje fungerer?
Under Arendalsuka skal vi arrangere “Når rettssikkerheten svikter – hvem tar ansvaret?” for å setje lys på historier frå folk som ser kvar systemet sviktar, og korleis det rammar heilt vanlege menneske.
Vi skal løfte stemmene til dei som tør å varsle – frå helsevesen, politi, rettssystemet og pårørande – og stille spørsmålet: Kven har ansvaret når rettssikkerheita sviktar, og kva må gjerast for å sikre rettstryggleik for alle i Noreg?
Arrangementet blir gjennomført i samarbeid med andre organisasjonar som deler engasjementet for rettssikkerheit og rettferd.
Sceneleige aleine kostar 19 000 eks mva, og vi håpar å samle inn totalt 25 000 kr for å dekke dette og andre nødvendige kostnader knytt til gjennomføring av arrangementet.
Arrangementet skjer, men som ein ideell organisasjon er vi avhengige av støtte for å dekke leige av scene og teknikk, slik at vi kan halde fram med å arrangere slike viktige møteplassar.
Vil du bidra til at rettssikkerheit blir sett på dagsorden under Arendalsuka?
Ditt bidrag går direkte til å dekke utgifter knytt til gjennomføringa, og kvart bidrag, stort eller lite, gjer ein forskjell.
❤️ Tusen takk for at du bidreg!