Utbetring av uteområda ved Hovden skule
FAU ved Hovden skule er veldig takksame for den svært nødvendige oppgraderinga på uteområdet ved Øvrebygget. FAU ynskjer at me får utbetra uteområda ved skulen meir. Ved innkjøp av nye planter, busker, tred o.l - så langt me kjem oss med dei midlane som kjem inn. Skulehagen skal oppgraderast med duk og flis - hagen som er flittig brukt av elevane.
Vi skal byggje blomsterkasser som elevane kan male og plante i.
Vi ynskjer og håpar på at uteområde kan bli endå finare og meir presentabelt med friske fargar!
Dette er ein Spleis som vil vare over tid då planting o.l skal skje til våren neste år. Vi er takksame for kvar krone som kjem inn. Kjem det inn meir midlar enn vi håpar på blir det naturlegvis brukt til elevane sitt beste - og de skal naturlegvis få være med i form av oppdatering av skuleområde på skulen si heimeside.
På førehand takk!
mvh
FAU Hovden skule

