Restaurering av naust
Krunhjorten 4H er heldige å få disponere eit gammalt naust ved sidan av der vi har lagt ut badeflåten vår.
Det er eit område med lett tilkomst med grusveg ned og lett tilkomst for alle. Dette område er tilgjengeleg for både folk i bygda og tilreisande. Vi er ein klubb med 20 medlemmar på alderen 9-17 år.
Vi er svært glade for at så mange brukar badeflåten og området, og ønsker å gjere det enda finare!
Planen vår er å restaurere dette gamle naustet, der vi skal skifte bordkledning, tak og sette inn vindu og dør. Vi skal også kjøpe ei bålpanne som skal stå fast i naustet som kan brukast av alle. Naustet skal også vere ein lagringsplass til alt utstyret vi har til våt moro aktivitetar; våtdrakter, tube, flytevestar med meir, alt dette er gratis å bruke.
Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom 4H, Ålfoten grendeutval og Liv og lyst.
Alt arbeidet skal gjerast på dugnad av medlemmar, foreldre og andre interesserte. Vi medlemmane skal ha dette som eit fellesprosjekt, der målet er å lære korleis det er å restaurere eit gammalt naust og korleis det byggtekniske fungerer.
Vi skal ha ein opningsfest når vi er ferdig med naustet.
Målet vårt er å skape ein samlingsplass i bygda for fri benyttelse til barn, ungdommar, medlemmar og alle andre, enten tilreisande eller fastbuande.



Vi har allereie fått noko støtte til prosjektet, men treng fortsatt ein del, så difor håpar vi på støtte gjennom denne spleisen. Prosjektet har ein totalkostnad på ca 100.000.
Tusen takk for at du vil gje eit bidrag!