Støtt Voss Grappling – saman byggjer me klubbens heim.
Voss Grappling er eit nystarta idrettslag med fokus på brasiliansk jiu-jitsu (BJJ) og grappling – ein idrett som kombinerer styrke, teknikk og samarbeid.
Me ynskjer å byggje eit trygt og inkluderande miljø for både born, ungdom og vaksne her på Voss. Me har alt kome godt i gang med å gjere lokalet vårt i Vangsgata 42 (Gamle Vangen Kafe) om til ein stad folk kan trivast.
Me manglar dei siste økonomiske brikkene for å ferdigstilla garderobe-prosjektet vårt. Innkomne bidrag bli brukt til dette prosjektet.
Bidrag vil gjera treningskvardagen betre både for utøvarar og medlemmer. Ved å bidra til spleisen er du med på:
- Gje alle medlemmar i Voss Grappling gode garderobar og treningsfasilitetar.
- Skape ein samlingsstad der alle kan trivast.
- Styrkje eit nytt idrettstilbod på Voss som gjev born, ungdom og vaksne eit sunt og trygt treningsmiljø.
Alle bidrag – små som store – vil gjera ein stor skilnad. Saman byggjer me eit miljø som fremjar fellesskap, meistring, gode haldningar og idrettsglede.
Tusen takk for støtta!
Helsing styret i Voss Grappling & Kampsportklubb