Oppdatering - snart to månader post-op
Hei alle!
Operasjonen var 26. februar, så nå har eg snart levd to månader puppefritt. Operasjonen sjølv gjekk heilt problemfritt, og eg fekk bu ei veke med full oppvartning hos Mamma og Pappa. Nå har eg ingen smerter igjen, sjølv om det kan vere litt ømt frå tid til annan.
Men viktigare enn den fysiske oppdateringa: Eg visste ikkje at det var mogleg å vere så fornøgd! Eg tar meg sjølv i å stå og beundre meg sjølv i spegelen, og folk seier at eg står og går meir rakrygga. Og på mystisk vis er balansen min betre 😂😅 Eg er så utruleg, ufatteleg glad.
Imellom tenker eg også på alle dykk, som gjorde dette mogleg for meg. Tenk at så mange, både kjente og ukjente, ville gi meg denne gleda! Eg blir rørt kvar einaste gong.
Så igjen - tusen takk!

